Gunnar Berge
Om liv, politikk og energi
Yrkeskarriere
Gunnar Berge starta sitt yrkesaktive liv som dreng på Jæren. Det var i grunnen ganske tilfeldig at eg hamna her, men det var likevel ganske vanleg at unge gutar hamna som drengar i dette jordbruksområdet. Dessutan hadde eg ei eldre syster i Stavanger, og kom sjølv frå ein jordbrukskommune, fortel Berge. Men etnebuen var uheldig, og øydela foten. Foten måtte i gips, og karrieren som dreng gjekk ”fløyten” etter nokre månader. Gunnar måtte venda nasen heimatt.
Når foten blei god, tok Berge jobben som sommarvikar for landpostbudet. Postbudet vårt likte å fiska ser du, og var nok glad for litt avløysing, smiler Berge. Men alle somrar tar ein slutt, og det gjorde også jobben. Det var på denne tida Gunnar oppdaga ei annonse i Stavanger Aftenblad der dei søkte etter lærlingar på Rosenberg. Guten frå Etne fekk jobben, og tilbake til Stavanger det bar. Året var 1957, og Rosenberg var allereie då ei stor og veletablert bedrift med om lag 1300 tilsette.
Me lurer på når Gunnar Berge si politiske interesse blei vekka?
-Interessa for politikk føler eg alltid eg har hatt, seier Gunnar. Som ung gut lytta eg ofte til radioen når dei sende opptak av spørjetimen frå Stortinget. Far min var også lokalpolitikar, så du kan vel seia at eg har dette etter han. Dei få gongene han var heime, hadde me våre politiske diskusjonar, legg han til. Gunnar fortel elles at han kom frå ei lita bygd, der bedehuset nok har hatt større innflytelse enn Folkets Hus..
Politikkens verden
Gunnar Berge starta på Rosenberg, og blei raskt aktiv innan fagforeiningsmiljøet. I 1963 blei han valt inn i bystyret i Stavanger, og sat her til 1967.
Etter ni år på Rosenberg, valde Berge det politiske livet, og reiste som ung AUF´er til hovudstaden for å gå på LO-skulen. Her lærde eg mykje, og var ofte saman med andre kjende namn som for eksempel Bjørn Tore Godal, seier Berge.
I 1969 blei Gunnar Berge nominert til Stortinget, og blei stortingsrepresentant som fjerde mann på lista. Dei neste åra stod han på første plass.
I heile 27 år var Berge i Oslo. Dei fleste av desse åra vekependla han, og mykje skjedde undervegs. Han fekk kone, og tre søner. Til no har også Berge blitt bestefar til sju. To av sønene held til i Oslo, medan ein bur i Stavanger.
I Oslo fekk guten frå Etne prøva seg som både finansminister og kommunalminister. Han hadde og ein periode som parlamentarisk leiar. Statsministerstillinga var aldri ledig, seier Berge med glimt i auget.
Berge fortel vidare at livet i politikken kan vera tøft. -Kameratar er samtidig konkurrentar, og dette kan til tider vera vanskeleg å forhalda seg til. Sjølv har eg nok vore heldig, og har fått færre uvener enn dei fleste, seier Berge.
Sjølv trur eg nok eg var flinkast i finansjobben. Det å sjå heilskapen, og sjå alle hensyn er nok min styrke, legg han til. Inntektspolitikken i Norge er viktig, der me må jobba for utjevning og rettferd i samfunnet. No har me kome så langt i Norge at me snart ikkje kan sjå forskjell på fattig og rik, dette trur eg tener landet vårt, seier Gunnar.
Berge sitt motto har han henta frå ein svensk sosialdemokrat: ”Jevnlikhet i frihet”. Me ber han forklara dette nærare: Han samanliknar med kommunismens Russland der alt skulle fordelast jamnt, men folket mangla fridom, og USA der dei har nok av ressursar og fridom, men ikkje klarer å fordela dette på ein god måte. Har me både sosial tryggleik, og personleg fridom vil me få det aller beste resultatet, meiner Berge. Og det karakteriserer den nordiske sosialdemokratiske modellen.
Der løyg du godt, fatter’n
Rogalandsposten fekk ein varm velkomst på Oljedirektoratet, og me bemerkar overfor Gunnar Berge at han i alle situasjonar virker både roleg, jordnær og avbalansert. Jo, seier Berge. Andre medier har også kommentert dette, og eg kan hugsa spesielt ein gong der eg svarte bekreftande på det. Dette hadde ein av mine søner fått med seg. Når eg så kom heim fekk eg passet mitt påskrive: -Der løyg du godt, fatter´n.
Av Lene Skretting
Sjølv om Gunnar Berge er opp-vaksen i Etne i Hordaland, føler han seg også litt som rogalending. Etne har i grunnen alltid vore like mykje retta mot Rogaland. Skulle me reisa til byen var Haugesund eller Stavanger dei næraste alternativa. Me reiste svært sjeldan til Bergen, seier Berge.

|
|||||||||||||||||||||||||