Klepp kommune
- Dæ æ gildt å bu i Klepp
Ny sentrumsplan
-Med det nye handlesenteret, må me likevel ikkje gløyma sentrum i Klepp, fortsett Lea. Difor har politikarane vedtatt ein sentrumsplan. Utfordringane nå blir i forhold til den gamle delen, sidan handlesenteret ligg utafor sentrumsgata.
-Me ønskjer å få meir folk inn i sentrum slik at det fortsatt er ”liv laga” for dei butikkane som allereie er etablerte her. Ein gammal skule vil bli selt frå kommunen til boligutbygging. Dette vil gi eit godt potensial for bustader i sentrum, seier Lea. Samtidig er der óg planlagt eit bygg på åtte etasjar, Smiegården, her vil me få om lag 40 leilegheiter, legg han til.
Eit tryggare sentrum
-Ein forutsetning for at me skulle vera med på bompengeordninga var at me fekk omkøyringsveg i Kleppekrossen. Dette skal nå bli realisert. Bygginga vil starta i 2006 og stå ferdig i 2008. Dette ser alle fram til. Mykje trafikk går gjennom sentrum. Dette har me venta på i 30 år, fortel ordføraren entusiastisk.
For dei som er kjende i Klepp, vil den nye vegen gå frå Håland i nord til Braut i sør, og i tunnel gjennom Kleppevarden.
-Attraktivt å bu i Klepp
- Åh ja, dæ æ jilt å bu i Klepp, svarer ordføraren på spørsmål frå Rogalandsposten. Langs den nye omkøyringsvegen som kjem, er der allereie etablert eit industriområde. Her har gode bedrifter som Felleskjøpet Rogaland Agder etablert seg. Elles er det flotte lokale bedrifter der frå før, seier Lea.
-Me har óg Øksnevad Næringspark. Næringsparken ligg i dei gamle lokala til Block Watne. Her er fullt opp med om lag 50 små og større bedrifter, fortsett han. -Me må heller ikkje gløyma Kverneland ASA, som etter kvart har blitt verdskjent. Det er låg arbeidsløyse på heile Jæren, me har likevel ikkje nok arbeidsplasser i vår kommune, difor pendlar ein del nordover til arbeid, legg han til.
Ein sportsleg kommune
Klepp har gjort det stort innan sport. Spesielt innan kvinneidretten. Me har jo elitelag i fotball kvinner, og tidlegare hadde me også dette innan volleyball, seier Lea stolt. Innan bordtennis har faktisk óg mange hevda seg i toppen.
Mykje skjer innan alle dei idrettslaga Klepp har. Kåsen idrettslag har nettopp bygd ny hall der mykje er gjort på dugnad, medan Orstad IL planlegg ny kunstgrasbane.
Med 170 frivillige lag og organisasjonar er der ikkje tvil om at Klepp har eit rikt organisasjonsliv. Dette blir som ”limet” i lokalsamfunnet. Det skapar fellesskap og trivnad. Her skulle vera noko for alle, seier ordføraren.
Direkte valt ordførar
Høgrepolitikaren Elfin Lea blei valt som ordførar i 1999. Dette er hans andre periode. I 2003 var Klepp kommune med på forsøksordninga der ordføraren blei direkte valt av folket. Kvar av dei sju partia stilte med kvar sin kandidat. Elfin Lea som høgrekandidat fekk flest stemmer. Nest flest fekk Håvard Erga frå Framstegspartiet. Det var litt ugreie mellom partia når andre viktige verv skulle fordelast, kan Lea fortelja. Dei andre fem partia hadde 15-16 fleirtal i kommunestyret, og prøvde å finna ei felles politisk plattform. Det arbeidet mislukkast. I dag fungerer samarbeidet slik det omtrent alltid har vore i Klepp, med ulik støtte frå sak til sak. Det er etter mitt syn to forhold som har peika seg ut med denne prøveordninga. Det eine er at folket vel sin ordførar, og ikkje partia gjennom ”hestehandelforhandlingar” ei sein valnatt. Det andre er risikoen for at ein ordførar kan verta sitjande å representera eit mindretal i ein heil fireårsperiode, seier Elfin Lea.
-Det er godt, spennande og travelt å vera ordførar i Klepp, og dei gode opplevingane er definitivt i fleirtal. I arbeidet vårt er me selvfølgeleg opptekne av å finna gode løysingar for kommunen sine innbyggjarar, seier Elfin.
Elles er ordføraren oppteken av idrett og har hatt ein del tillitsverv her. Sjølv om det er travelt å vera ordførar, prøver eg å få med meg nokre fotballkampar. Utanom dette må eg seia at eg set stor pris på å få ein kveld og to heime heilt i fred og ro, legg Lea til.
Klepp i framtida
-I framtida håper eg at Klepp fortsatt er ein eigen kommune. Eg meiner me kan tena innbyggjarane betre med den nærleiken dette gir. Nokre oppgåver må me nok likevel samarbeida med andre kommunar om, slik som samferdsel og arealplanlegging. Eg ser óg for meg at kommunane vil få større forpliktelsar i forhold til kvarandre, men korleis det i realiteten vil gå for seg, veit vel ingen av oss i dag.
-Eit anna sterkt ønskje eg har for framtida er at me må ta godt vare på dei vakre strendene me har her på Jærkysten. Men strendene må for all del kunne brukast for folkehelsa sin del. Nå synest eg der er sterke tendensar til alt for mange forbod på grunn av miljø og fugleliv. Eg ønskjer at folk skal kunne oppleva den vakre og ville naturen strendene våre har, ikkje berre sjå det på bilete, avsluttar ordføraren i Klepp.
Av Lene Skretting
-Klepp er faktisk den nest største jordbrukskommunen i fylket, kan Elfin Lea fortelja. Sjølv om jordbrukssituasjonen i dag ikkje er så god, vil eg likevel seia at me har mange positive bønder i Klepp. At mange nye driftsbygningar innan jordbruk ser dagens lys, gir signal om optimisme, legg han til.

Nytt flott handlesenter
Elfin Lea er ein engasjert ordførar, og kan fortelja at mykje positivt skjer i Klepp. I september fekk Klepp nytt handlesenter, ”Jærhagen”, og i løpet av to månader har ein kvart million menneske besøkt senteret, seier han stolt. Dette er eit kjempeflott senter, legg han til. Her er om lag 35 butikkar, og med ny bensinstasjon og etter kvart McDonald på utsida, skulle ein kunne få alt ein treng i Klepp, smiler Lea.
Elfin Lea ser også nødvendigheten av å ha eit kjøpesenter i kommunen. Me har hatt stor handelslekkasje både mot sør og nord i fylket. Med det nye senteret håper me å kunne stoppa noko av dette, seier Lea.

|
|||||||||||||||||||||||||