Ny idrettshall på Kåsen:
9000 dugnadstimar!

Arbeidet i gang

Tre personar blei valt for å setja hallplanane ut i livet. Dette var Paul Erga, Kjell Inge Sæland og Tor Arnstein Rosland med Odd Høyland som god pådrivar. Litt seinare kom óg Ove Friestad inn i biletet. –Han har arbeidd mot det offentlege, og har hatt mykje med papirarbeid og diverse godkjenningar å gjera. Han har gjort ein kjempejobb over lang tid, ein jobb som for mange ikkje er så synleg, fortel noverande leiar for hallkomitéen, Marit Rosland.

I 2002 blei hallkomitéen utvida, og det var då Marit Rosland kom på banen. –Idrettslaget hadde litt økonomiske midlar, så det gjekk ikkje så lenge før ringmuren og grunnarbeidet var gjort, seier Rosland. –Verre var det med tippemidlar, dette fekk me ikkje i første omgang, legg ho til. Men dugnadsgjengen var klar til ”dyst” så mens dei venta på neste oppdrag bygde dei like godt ny ballbinge i samanheng med hallen.

I 2003 var tippemidlane på plass, og etter litt lobbyverksemd, hadde me klart å få den nye hallen inn på driftsbudsjettet til kommunen. Dette er i grunnen ganske uvanleg, smiler Marit.

No låg det meste til rette for at bygginga kunne starta. Det gjaldt berre å samla mest mogleg folk til dugnad.

God kompetanse

Ein ny komité blei vald, ein dugnadskomité. Marit Rosland stod som leiar, elles var Ove Friestad, Egil Rosland, Osmund Braut, Ruth Erga, Kjell Inge Sæland, Jan Egil Friestad, Sigmund Kampestad, Håvard Mæland og Ann Iren Høyland med i komitéen. Dei hadde regelmessige møter kvar 14. dag saman med leiar for Kåsen IL, Svein Mellemstrand, og ”dugnadsgeneral” Gaute Stokka.

-I komitéen sat folk med kompetanse innan det meste når det gjeld bygging, fortel Marit. –Her var folk innan tapet/maling, varme/ventilasjon, fliseleggjar og elektrikar/tømmer. Dette var ein stor fordel for oss, sidan totalentreprenørane er strenge på at jobben er forsvarleg gjort av fagfolk, legg Rosland til. Totalentreprenøren på Kåsenhallen har for øvrig vore Block Berge Bygg as.

Hallen er bygd saman med klubbhuset med eit mellombygg. Mellombygget er på 200 kvadratmeter. –Eit forslag er at kommunen kan leiga dette arealet til barnehage, seier Marit. –Me ligg godt plassert, sidan nabotomta er regulert til ny skule, legg ho til.

Kåsen Idrettslag har godt og vel 400 medlemmar. Dei har både handball, fotball og barneidrett. –Nå får handballgruppa endeleg ny hall. Tidlegare måtte gruppa leiga andre hallar i kommunen, og mange av foreldra er temmeleg leie av å køyra ungane rundt på dette. Det slepp dei no, fortel Marit. –Nå er det også ønskjer om fleire aktivitetar i laget, og me har kjøpt inn utstyr med tanke på dette, legg ho til.

9000 dugnadstimar!

Det er ingen tvil om at dugnadsanda er sterk i Klepp. Til no er 9000 dugnadstimar lagt ned for at Kåsen skulle få sin eigen hall. –Eg vil berømma folk for alt det dei har stilt opp, seier Marit stolt. –Dette kunne me ikkje gjennomført utan vår svært dyktige dugnadsgeneral Gaute Stokka. Nokre har vore meir enn andre, men alle skal veta at dei har vore like viktige, fortsett ho. –Hallen kostar om lag 18 millionar kroner, og dugnadsinnsatsen til no er kostnadsrekna til 3,3 millionar kroner. Dette er stort, seier Rosland. –Hallen er allereie full av reklameskilt, så nokon har gjort ein god jobb undervegs.

Marit fortel vidare at mange har blitt betre kjende med kvarandre under bygginga, og gode relasjonar er skapt mellom lokalbefolkninga. Ho har óg tru på at dette vil bli ein hall for bygda, der alle har eit forhold hallen, og området rundt. Mange som ikkje ein gong er medlemmar i laget, har vore med på dugnad.

-Ein gjeng har vore fast her, kvar dag, desse har stått klar viss noko forefallande arbeid har dukka opp, denne gjengen har gjort ein fantastisk god jobb for hallen, seier Rosland.

-I tillegg har me i hallkomitéen lagt stor vekt på at der alltid er ein kopp kaffi, og noko å bita i, slik at dette også blir litt sosialt for alle dei som er på dugnad. Sjølv har me i komitéen fått mange positive tilbakemeldingar frå befolkninga generelt. Dette er veldig kjekt for oss å høyra, seier Marit glad.

Den 29. januar skal hallen offisielt overleverast til idrettslaget. –Og det blir med påfølgande fest for alle dei om lag 150 personane som har vore med på dugnad, og for alle andre som har bidratt, avsluttar leiaren.

Nå har berre Marit Rosland eit siste ønskje for nybygget, og det er at ho håper alle kjem i mål med dette prosjektet, utan at dei har fått den nye Kåsenhallen langt oppi halsen.

Frå dei i Kåsen får me høyra at Marit er eit positivt ja-menneske. Ho har vor aktiv på handballbanen i om lag 30 år, og saman med Ove Friestad har ho gjort grovarbeidet med den nye hallen. Desse to har dratt lasset saman i tre-fire år. Marit har styrt og organisert under sjølve byggetida, ordna med mat til dugnadsgjengane, og vaska i etterkant. Som dei på Kåsen seier: ”hu har vore grævligt goe”.

Tilbake

Klepp har eit rikt organisasjonsliv, med 170 frivillige lag og organisasjonar. Dette er med på å skapa fellesskap og trivnad i bygda. Idretten er den store masserørsla innan organisasjonslivet, og Kåsen idrettslag er eit av fleire idrettslag i kommunen. Den 29. januar skal dei ha offisiell opning på splitter ny hall.

Av Lene Skretting

Kåsen Idrettslag blei stifta i 1968. I 1978 fekk dei grasbane. I –88 kom klubbhuset, og på årsmøtet i 1998 blei det vedtatt at no skulle ein arbeida for endeleg å få eigen hall, samtidig som kunstgrasbanen blei ferdig

Kåsen Idrettslag har fått seg eit kjempeanlegg. Med kunstgras- og ordinær fotballbane, ballbinge, idrettshall og klubbhus i nær tilknyting til ny skule, ligg framtida godt tilrette for det aktive idrettslaget.. Foto: Trude Eggebø