Olje i 50 år
- gass i 100...

I 1990 søkte han sjølv på stillinga som oljedirektør. Meininga var at han skulle tiltre i denne stillinga i 1993, men i 92 blei han kommunal- og arbeidsminister, difor måtte dette utsetjast til 1997. Berge hadde stor interesse for både olje og økonomi, dessutan kunne han arbeida i Stavanger som sjølsagt var ein stor fordel.

-Oljehistoria har vore ei suksesshistorie, og eit eventyr, seier Berge. Oljeproduksjonen i Nordsjøen tok til frå Ekofisk-feltet i 1971. Året etter blei både Statoil og Oljedirektoratet oppretta. Oljedirektoratet har ansvar for ressursforvaltninga og miljøet. Olje- og gassproduksjonen utgjer i dag om lag 20 % av BNP, 23 % av dei totale investeringane i landet, og vel 40 % av eksportinntektene. - Politikarene som har vore med i oljeeventyret frå starten av, har vore dyktige, samtidig som dei har hatt litt flaks, meiner Berge. Dei har lagt eit godt rammeverk, utan dette kunne det godt mykje verre. –Sikkerheita i Norge er óg god samanlikna med andre land. Oljeselskapa er flinke til å følgja opp, og dei forstår at dei må driva på ein forsvarleg måte. OD har eit svært godt samarbeid med desse, seier han.

Oljefondet kan redda pensjonen

–Norge er eit eksempel for andre land. Olje og gass har ingen verdi viss det ikkje blir produsert. Stortinget vedtok i 1990 å opp-retta oljefondet, og handlings-regelen seier at me skal kunne bruka avkastningane frå fondet. Inntektene vil då også koma dei neste generasjonane til gode, legg Berge til. Desse midla vil me trenga mellom anna for å løysa pensjonsproblematikken i åra som kjem. Oljefondet har no passert 1000 milliarder kroner, og dette berre på 14 år. Etter OD sine berekningar vil me ha olje-produksjon i 50 år til, og gass i 100 år.

I 2005 vil ein utvida leiteboringa på norsk sokkel, samtidig vil investeringane bli rekordhøge, meir enn 70 milliardar kroner.

Energifylket Rogaland

Olja har laga mange arbeidsplassar i Rogaland, og Rogaland har mange direkte fordelar av å vera oljefylke nr. 1. Ein har no tatt i bruk naturgassen, og berre framtida vil visa kva det vil bety for rogalendingane. Berge er positiv til gasskraftverkplanane på Kårstø, og han var også i si tid med på å beslutta bygginga av vannkraftproduksjon i Rogaland, eitt av desse var Ulla Førre i Suldal.
-Energibehovet i landet er stadig aukande, og nordmenn flest ”sløser” med elektrisiteten til oppvarming. Utfordringa blir å byggja ut vannboren varme, avsluttar oljedirektøren.

Tilbake

Gunnar Berge har brei erfaring både frå styret og som direktør i Oljedirektoratet. Han spår gode resultat i olje og gassprosjekter også i framtida.

Av Lene Skretting

Oljeeventyret

I 1972 blei Berge vald inn i styret i Oljedirektoratet, og sat her fram til 1979.

Illustrasjonsfoto frå Oljedirektoratet sitt arkiv.