Småkraftverk i skuddet
Ryfylkes største øy Ombo, er delt mellom Finnøy og Hjelmeland kommune. På Rosså, på det som tilhøyrer Hjelmelandsdelen av øya, bur Arne Rørheim. Der driv han gard, der mjølkeproduksjonen er den største inntekta på garden. Han har ca 150 mål dyrka mark og vel 200 mål utmark. I fjoset står 22 kyr som fyller melkekvoten på
Gjennom mykje av markene hans renn ein stor bekk som endar ut i Gardsundet. Frå sjøen og opp til gardstunet er der 800m og ein høgdeforskjell på 150m
KraftverkFor ca 4 år sidan syntes Rørheim att det hadde runne nok vatn gjennom eigedommen sin og ut i fjorden til inga nytte. Ideen om å byggja seg eige kraftverk fekk for alvor feste i han. Han tok kontakt med Microkraft as, som foretok målingar av nedslagsfelt, vannføring o.a.
Folk frå NVE var på besøk og var positive til at det på garden til Rørheim kunne byggast eit lite vannkraftverk.
Microkraft as søkte på vegne av Rørheim om konsesjon, men sidan det var snakk om eit microkraftverk og lite inngrep i naturen, var det ikke nødvendig med konsesjon. I slutten på 2002 hadde Rørheim alt avklart og han kunne byggja sitt eige kraftverk.
Nå skulle han endeleg få nytte av alt vattnet som rann rett i havet.
Nedslagsfelt
Nedslagsfeltet som grensar til kraftverket på Rosså er på 4.7 km2 . Rundt han er der 3-4 andre grunneigerar i same nedslagsfeltet. Det ligg 5 små vatn i området.
ByggestartEtter 2-3 år med planlegging, kunne han rundt påsketider i fjor starta arbeidet med røyrgata. Arne Rørheim er allsidig og gjer det aller meste sjølv. Han har gravemaskin på garden som kom til god nytte i byggetida. Vanninntaket ligg rett ved sida av hovedvegen mellom Eidsund og Skipavik. Her har han mura med stein og laga til med rist i inntaket slik at stein, lauv og anna ikke skal komma inn i røyrgata. Ein skal helst vita at vanninntaket er nett der. Det er ikke mykje ein ser til verken inntaket eller røyrgata som delvis er nedgravd på sida av elva ned mot sjøen. Rørheim har lagt vekt på minst muleg inngrep i naturen, noko han har lykkast med. Røyrgata er av plastrøyr. Det er Finnøy rør as som har stått for sveising av røyrgata. I alt er det lagt 8-900m med røyr. I inntaket er innvendig diameter 280mm og i innløpet til turbinen er innvendig diameter 240mm. Det er 26mm tjukkelse på røyren ved turbininntaket. Heilt nede ved Rossåsjøen har han byggd sjølve kraftstasjonen. Same bygget rommer også eit naust. Ansvaret for levering og montering av alt utstyret i kraftstasjonen er det Energi Teknikk as frå Kvinnherad som har hatt.
Generator og turbinGeneratoren er på 99kw. Han kunne satt inn større generator men då kjem der avgifter til staten som ville gjera det lite lønnsomt. Denne grensa går nettopp på 99kw for kvar turbin. Turbinen er ein pelton og produsert av Sunnhordland Mekaniske Verksted. Trykket inn på turbinen er ca
Oppstart
Etter ei byggetid på ca eit halvt år, var det i midten på oktober i fjor klart til å setja vatten på turbinen. Folk frå Energi Teknikk as var med på oppstarten og det var et stort øyeblikk for eigaren å sjå at vatnet som før bare rant rett i sjøen, nå fekk turbinen til å snurra rundt og laga straum. Det heile såg ut til å fungera etter planen. Etter ei veke med innkjøring og justeringar, var det bare for Arne Rørheim å settja seg ned å sjå på straummålaren kor mykje kraftverket produserte.
Alt straumen han produserer går via ein trafo, 400/10000Volt, og rett ut på Lyse energi sitt nett. Sidan oppstarten har kraftverket produsert om lag 2000 kwh i døgnet. Det er rekna med ein årleg produksjon på om lag 600 000 kwh alt etter kor mykje regn vi blir velssigna med. Det er vel mange som synes den velsignelsen har tatt av i desse dagar, då regnet dett ned i store mengder. Akkurat nå kunne det vore produsert 4 - 5 gonger så mykje straum ved Rossåsjøen. Så mykje vatten renn det forbi inntaket i skrivande stund.
KostnadHeile anleggskostnaden er på 1.1 mill kroner. Det er gitt SND midler på mellom 150-200 000 kroner. Det blir gjort avtale ein gong i året med Lyse kor mykje han får betalt for straumen sin. Med ein årleg produksjonen på 600 000kwh, burde det ikke gå så alfor mange år før kraftverket er nedbetalt.
Rørheim synes det har vore et spennade prosjekt å realisera. Han seier det er gildt å veta at nede med sjøen sviv genratoren av seg sjølv. Slik han skal gjer i mange år utan særleg vedlikehold.
Det meste har gått etter planen, seier han. Kommune, NVE og andre involverte har vore positive til kraftverksplanane heilt frå byrjinga av. Nå tenker Rørheim allereie på om det lar seg gjer å setja inn ein turbin lenger oppe i bekken. Og det er bare å gratulera Arne som har gjort draum til verkleghet. Så får framtida visa om det er fleire på Ombo som tek utfordringen med å byggja seg eige kraftverk. Mulighetene er der, det er bare å omsetja dei til praktisk handling.
Småkraftverk er blitt svært populært i Norge dei siste åra. Defininsjonen på småkraftverk er: Microkraftverk 0-100kw, Minikraftverk 0,1- 1 MW og Småkraftverk 1-10 MW. I takt med aukande straumprisar og for lite kraft til å dekka eige behov her i landet, har byggingen av småkraftverk tatt av. I dei siste åra har det blitt bygd ut mange småkraftverk med vatten frå bekker og elvar..
Norge forbrukar 120 Twh (Terrawattimar) straum i året. NVE (Norges Vassdrags og energidiriktorat) har rekna ut at dei neste 10 åra kan det byggast ut 5 Twh med småkraftverk. På lengre sikt opp mot 17 Twh. Altså 4% av dagens total forbruk av straum kan ein få ut av småkraftverk innan 10 år. Og det er ganske mykje straum.

|
|||||||||||||||||||||||||