Kjære mor:

Gi meg pinnekjøtt til jul!

Helsing Sigvart

mykje brukt på begge sider under Irak-krigen. I tyske konsentrasjonsleirar stod det ofte ”Arbeit macht frei” på porten, og sterkt religiøse grupper har lett for å bruka ord som ”Jesus set fri”. Den friheten har som regel tydelege modifikasjonar når ein går den etter i sømmene. For meg blir dette ein underleg frihet, legg Dagsland til.

Sjølv trur han nok han kunne vore flinkare til å utnytta den friheten han åpenbart har. Eg synes eg har mange muligheter rett utanfor stuedøra som eg ikkje benyttar meg av, og lurer på korfor det er slik?

På plata har han ein duett med kona Karoline Krüger, ”Ka e du redd for?”. Det er fyrste gong dei to syng saman på plate. –Akkurat denne songen følte me kalla på oss, og då syns me dette blei rett, fortset han.

Pubertetsår med Whittaker
Sigvart Dagsland er oppvaksen på Stokka i Stavanger, og fortel at han var svært glad i klassisk song og musikk fram til han var 13 år gammal. –Deretter entra eg puberteten til tonar av Roger Whittaker og James Last, men blei til slutt redda av bror min, som gav meg nokre livsviktige injeksjoner med The Beatles seier han med eit smil. –Samtidig var eg sterkt prega av sjenanse, men dette gjekk fort over då eg blei med i Ten-sing koret Sky-Sing og begynte å skriva låtar. Frå då av gjekk alt ”så meget bedre”. Eg var forresten veldig kreativ, og likte godt å plaga læraren min på gymnaset. Du kan nok sei at musikken leidde kreativiteten min inn på ein meir konstruktiv vei.

Fritidssyslar
-Eg er heldig, for eg har eit yrke med mykje fritid. Med den får eg gjera som eg har lyst. Eg elskar å liggja på sofaen å tenkja, lesa eller sjå film. Dessutan dyrkar eg vennskap, og syns det er veldig kjekt å be venner til middag, seier Dagsland.

-Forutan dette har eg jo også Karoline og dei to småjentene våre. For meg blir dette det ekte livet. Det er hos dei eg høyrer heime, legg artisten til.

Ei omsorgsfull høgtid
Sjølv om Sigvart Dagsland er lei av å halda julekonsertar og syngja julesongar, er han likevel glad i å feira jul. –Det er ei inkluderande og omsorgsfull høgtid. Me har tid til å tenkja på dei som ikkje har det så godt, og himmelen blirlitt større enn vanlig. Til og med i trafikken smilar vanlegvis mutte bilistar til kvarandre, og bruken av bilhort befinner seg på eit minimum. Jul er stemning, det er fellesskap, det er familie, seier Sigvart.

Dette året blir det jul i Stavanger for familien Dagsland. –Du må få fram at eg ønskjer meg dyre pakkar og masse kjærlighet, skyt han inn med eit smil.

Når me spør om julemenyen, ler Sigvart litt, og seier at familien hans har nok nokre klare autistiske trekk når det gjeld jul. -Bror min var så oppteken av at det skulle vera svineribbe på julaftan at han tok med sin eigen ribbe første julen hos sin nye svigerfamilie, ettersom han hadde høyrt at dei dreiv med det utenkjelege der borte, nemlig å spisa lam på julaftan! –Det har alltid vore svineribbe hos oss, fortel han. Han sjølv syns ikkje han er så opptatt av tradisjonar lenger. –For meg kan me like godt ha pizza på julaftan, berre stemninga og fellesskapet er til stades, legg han til. –Kanskje dette er ein form for ekstrem modning, undrar Sigvart.

Mens me sit rundt cafébordet på Ostehuset og diskuterer julemiddagen, kjem Sigvart Dagsland brått på noko. –Du veit, me artistar har som regel alltid nokre sære trekk, så nå har eg forbode meg sjølv å eta svinekjøtt, og dette har eg gløymt å seia til mor. Så kjære mor, eg håpar du les dette. Kan du vera så snill å laga pinnekjøtt til meg på julaftan?

I jula er kyrkja på sitt beste
Julebodskapen for Sigvart Dags-land varslar om noko stort som kjem. –Jesu ankomst varslar om noko større enn oss sjølv. Jesus som menneske var ein skikkeleg person, som hadde plass til alle. Hans måte å møta folk på, hans sosiale bevissthet, er noko me på jorda må strekka oss etter, seier han.

Sjølv om han ser på seg sjølv som ein kristen, trur han ikkje på eit helvete eller på arvesynd. Men han trur på jula, for jula viser kyrkja på sitt beste. Då er kyrkja inkluderande slik Jesus var når han gjekk på jorda.

Samtidig ønskjer Dagsland å vera ei motvekt for barna sine når dei for eksempel får høyra at ”Jesus gråter når du ikkje er snill”. -Korleis kan desse veta at Jesus gråter for ditt og datt? Det rette er vel at dei som bruker slike utsegn ikkje liker det og det, og skyv Jesus foran seg. –Dette trur eg rett og slett ikkje på, seier han.

I heimen hos Dagsland og Krüger er det mykje musikk og mange instrument. Barna er svært glade i både å syngja og spela. –Kva barna gjer, og kva dei blir når dei veks opp, syns eg er svært spennande. Me ønskjer ikkje å leggja noko press på dei. I forhold til barna er eg svært audmjuk, avsluttar ein sympatisk Rogalandsartist.

Tilbake

Sigvart Dagsland er ute med si fjortande soloplate. Han likar godt å liggja på sofaen, og er glad i julehøgtida. Elles fortel Dagsland at han ønskjer seg pinnekjøtt, dyre pakkar og masse kjærlighet til jul.

Av Lene Skretting

Den nye plata har artisten kalla ”Underlig frihet”, og plata er ein oppfølgjar til ”Hjemmefra” som kom ut for om lag eit år sidan. –Eg føler meg ikkje heilt ferdig med denne historia, og trur nok eg vil fortsetja i same spor på neste plate, fortel han.

På dei to siste utgjevingane har Sigvart Dagsland for fyrste gong arbeidd i lag med same team. Teamet er ein gjeng musikarar som han set veldig høgt.

Falsk frihet
Som stikkord for si nye plate, nemner Dagsland håp, forandring og moglegheiter. –Det er ofte dei som bruker ordet frihet mest, som gir minst av det, meiner han. –Ordet frihet blei for eksempel

Foto: Trude Eggebø