I "drøs" med fylkesordføraren!
”Eg vil, du skal”
-Som lærar likte eg å ha kommandoen, så kanskje andre lærarar ikkje har særleg tru på meg som lærar i dag. Eg måtte ”sjå” kvar enkelt elev kvar dag. Ingen fekk lov til å lura seg unna, fortel Bergsaker. Han arbeidde ei tid ved Lundehaugen vidaregåande skule, der han seinare blei studieinspektør.
Han hugsar spesielt ei tyskundervisning når han skulle læra elevane om dei tyske modale hjelpeverba. Eit eksempel blei til ”eg vil, du skal”. Desse orda har følgt han sidan, legg informasjonssjef Aslaug M. Neset til med eit smil.
Politisk ringrev
Roald Bergsaker blei aktiv politikar i 1986, då han blei valt som ordførar i Sandnes. Han sat i ordførar-stolen fram til 1991, og hugsar dette som nokre gode år.
Seinare sat han som direktør i Forus Industritomteselskap. Det var eit spennande selskap, fortel fylkes-ordføraren.
I 1999 sette Roald Bergsaker seg i fylkesordførarstolen, og der har han sete sidan. Dette er hans andre periode i sjefsstolen.
Aktiv ”herremann”
Det er ein veltrent mann som sit framfor oss. Det kan nok koma godt med i den jobben han har. Under møtet med oss, kimar telefonen opptil fleire gonger, programmet er stramt, han skal snart nå eit fly, eller skulle han ikkje… Det er vanskeleg å få med seg alt, når ting går så fort.
Bergsaker har vore ein aktiv idrettsutøvar, både innan fotball, friidrett og sykling. Ein periode sat han som 2. visepresident i Norges Idrettsforbund. Han har óg vore medlem av Norges olympiske komité.
-Familien har ei hytte på Lindesnes, denne bruker me så ofte me kan, seier han etter å ha trekt pusten. Me tenkjer i vårt stille sinn, at det kan ikkje vera ofte.
Livet som fylkesordførar
Det følgjer ein del forventningar og pliktar med det å vera fylkesordførar. Du må vera samfunnsengasjert, du må bry deg om andre, for det er ikkje få ting ein må stilla opp på, seier Bergsaker. I min jobb møter eg mange spennande menneske, menneske som er engasjerte, og som gir meg mykje. Dette er ein del av drivkrafta som gjer at eg fortset i yrket, legg han til. Han kan fortelja at han i ein periode var frykteleg lei, og ikkje ville stilla til val ein periode til, men på grunn av mange kjekke medarbeidarar og medpolitikarar valte han likevel å gjera et forsøk. Noko han ikkje angrar på i dag.
Mykje positivt i Rogaland
Der er mykje positivt og spennande som skjer i Roga-land, meiner Bergsaker. Ein av desse tinga er Kulturbyen Stavanger 2008. Dette er stort for fylket, me vil få mange nye arbeidsplassar, og det å ha eit variert kulturtilbod, er utruleg viktig. Eg trur dette vil vera med på å få dei unge heim igjen etter utdanning. Me har óg klart å få til ein kulturavtale med ei lita britisk øy, Isle of Man, med om lag 70.000 innbyggjarar. Dette blir fryktelig spennande, seier fylkesordføraren.
Takhøyde i politikken
På spørsmål om det 3. forvaltningsnivå, trur ikkje Bergsaker at me er klar for å sleppa Rogaland som fylke ennå, men han har tru på at eit samarbeid nordover på vestlandet er svært viktig for å vinna fram. Sjølv om dei fleste av mine partikollegaer er ueinige med meg i denne saka, har eg likevel lov til å meina dette, det er godt med kjekke partifeller, flirer han.
Stavanger har fått universitet, med dette trur Bergsaker at lekkasjen av unge som flytter ut vil reduserast. Han fortel at Rogaland faktisk har lege under gjennomsnittet når det gjeld høgt utdanna personar, og trur på ei endring av dette. Og med eit godt kulturtilbod, vil me få eit rikt ånds- og kulturliv i fylket.
Bergsaker er opptatt av sam-ferdselspolitikken i Rogaland, og på spørsmål om korleis Rogaland ser ut om 10 år, seier han at han har eit ønske om eit ferjefritt fylke, gjerne også oppover Vestlandet. Vestlandet må henga saman, det vil bli ein revolusjon. Me vil då oppleva eit heilt anna felleskap, meiner Bergsaker.
Familiekjær fylkesordførar
Det nærmar seg jul, og me spør han difor om kva jul er for Roald Bergsaker. Eg er glad i tradisjonar. Jula er ei fin høgtid, og dette året får me alle barna, svigerbarn og barnebarn på besøk, ja mor og svigermor kjem også. Bergsaker gleder seg tydelegvis til å samla heile familien. Han har også eit ønske om å få med seg julegudstenesta. Det er noko eige ved det når det jul, og eg håper å få med meg juleevangeliet i kyrkja, legg han til.
Sjølv hadde Bergsaker ein far som var sjømann. Han var borte halvanna år om gongen.
-Det er travelt å vera fylkesordførar i Rogaland, men eg trur eg ser familien min oftare enn det far gjorde. Dei kjenner meg i alle fall igjen, avsluttar Roald Bergsaker.
Av Lene Skretting
Roald Bergsaker er utdanna adjunkt, med faga tysk, historie og gymnastikk, forutan lærarskulen. Me må heller ikkje gløyma Befalskulen, den er nok med å prega meg som person i dag, seier han med glimt i auget.

|
|||||||||||||||||||||||||